Bjødna-Tores Venner på trykk i Strandbuen | |
Fra avisa Strandbuen som kommer ut i Ryfylke tar vi med denne artikkelen som journalisten Roar Larsen har skrevet. Den kommer på trykk i uke 47 | |
Fra avisa Strandbuen som kommer ut i Ryfylke tar vi med denne artikkelen som journalisten Roar Larsen har skrevet. Den kommer på trykk i uke 47 FRA STRANBUEN Skal markera Bjødna-Tore I eit veldig basketak slo bjørnen med labbane og skada kinn, nase og øydela begge augo til Bjødna-Tore. I 2010 er det 200 år sidan Bjødna-Tore, Tore Toreson Haaland, blei født på Håland i Frafjord. Ei nystarta interesseforeining med Kjell Espedal i spissen vil gi ut ei større slektsbok etter Tore Toreson Haaland til 200års jubileet. Det var 20. oktober 1850 ein bjørn angrep Tore. Det blei eit veldig basketak. Bjørnen slo med labbane sine og skadde kinn, nase og begge augo til Tore. Etter å ha blitt kasta utfor ein skrent, blei Tore liggande til neste dag. Bygdefolket fann han ille tiltredt. På sjukehuset i Stavanger blei han lappa saman, men augo kunne ikkje bergast. Tore blei blind, men levde i 41 år etter dette og var med i gardsarbeidet så best han kunne. Då den svensk-norske kongen høyrde historia gav han Tore pensjon for resten av livet. I tillegg til boka, skal arrangerast ulike typar slektssamlingar. I tillegg skal det arrangerast kulturarrangement knytt til slekt- og lokalhistorie i Forsand og Gjesdal. Det vil bli konsertar, kunstutstilling, barneprogram, slektssamlingar, turar, gudsteneste og kransenedlegging. Redaksjonskomiteen har alt samla inn mellom 200 og 300 sider slektsstoff om dei fleire tusen etterkomarane etter Bjødna-Tore. Men etterlyser meir personopplysningar. Dernest trengst det gode foto og kulturhistorisk stoff knytt til slekta og områda der forfedrane våre levde, seier Kjell Espedal, som er styreleiar i Bjødna-Tores venner. BJØDNA-TORE: 200 år etter at Bjødna-Tore blei født skal det arrangerast forskjellige kulturarrangement og gis ut slektsbok med slekta etter Bjødna-Tore, fortel Kjell Espedal. Bjødna-Tore - R | |
Skrevet: 18.11.06 klokken 17:21 |