Om nettstedet             Bli medlem           Gjestebok                 Kontakt oss

Besøkende #140193
L o g i n
LOKALE STADNAMN FRÅ FRAFJORD 1930
Skuleborna i Frafjord samla inn lokale stadnamn allereide i 1930.

Eg vart gjort merksam på at skuleborna i Frafjord allereide i 1930 samla inn lokale stadnamn. Dette var ein del av eit landsomfattande prosjekt organisert av namnegranskaren Gustav Indrebø ved Universitetet i Bergen. Dei originale namnelistene er no lagra ved UiB. Frå Frafjord er det skrive ned namn frå alle gardane bortsett frå Molaug. Men det finst ikkje lister frå kvart bruk. Denne innsamlinga var ikkje så detaljert som som vart gjort 50 år seinare. Men vi finn i all hovedsak dei same namna. Dei einskilde namna er heller ikkje kartfesta. Dei av oss som har levd lenge kjenner og att nokre av informantane.

i tillegg til namnelistene frå Frafjord finst tilsvarande lister (i gamle Forsand kommune) frå gardane Meling, Brekke, Erevik, Levik, Fløyrli, Kallali, Rettedal, Berge, Nedre Rossavik og Øvre Rossavik. Det er ingen lister lister frå Gilja og Dirdal.

Per Terje Haaland


Lokale stadnamn Frafjord 1930



Gamalt bilete av Ytre Frafjordstølen (Heimre stølen). Vi ser to skrøpelege bygningar og nokre ukjende personar.
Men kanskje nokon kjenner dei ? I så fall - ta kontakt !


Skrevet: 17.10.19 klokken 18:45


Tilbake
Nyhetsarkiv