Om nettstedet             Bli medlem           Gjestebok                 Kontakt oss

Besøkende #151359
L o g i n
FLEIRE STADNAMN I FRAFJORD
Vinteren 2006 tok Norvald Frafjord initiativet til å setje namn på stader i fjellsidene på Frafjordgarden.

Vinteren 2006 tok Norvald Frafjord initiativet til å setje namn på stader i fjellsidene på Frafjordgarden. Han meinte det var viktig å skriva ned namna og koordinatfesta dei slik at desse kulturminna ikkje skulle gå i gløymeboka. Brorsonen Jan Arvid Frafjord fekk då i oppdrag å ta bilete av fjellsidene slik at ein kunne notera ned namn.

Så samla dei seg då, den eldre generasjonen på Frafjordgarden, i stova til Norvald og Ellinor og studerte bileta nøye. Det vart mykje diskusjon både om sjølve namna og plasseringa av dei. Men dei vart eininge! Dei som deltok på dette gruppearbeidet var Norvald, Kåre, Erling, Birger, Jostein, Gerhard og Tor – alle med etternamn Frafjord.

Resultatet vart to biletseriar, ein for sørsida av dalen og ein for nordsida av dalen. Det er Jan Arvid Frafjord som har teke alle bileta og sett namn på dei etter kvart som det vart semje i arbeidsgruppa.

Biletserien (pdf-fil) på sørsida av dalen går frå Kvarven og austover mot skifte til Molaug, i alt 20 bilete. Sidan det her ikkje er så mange namn, er namna skrive direkte på bileta.

Biletserien (pdf-fil) på nordsia av dalen går frå Mulen austover til Daurmålsjuet nær skiftet mot Kommedal, i alt 15 bilete. Sidan det var så mange namn her, er det sett tal på bileta der talet viser til nummer på ei namnefil (PDF-fil).

Samfunnet og levemåten vår har endra seg mykje det siste hundreåret. Det er kanskje ikkje lenger så viktig å kjenna til dei lokale stadnamna. Men alle desse namna er viktige då dei fotel noko om tidlegare tiders bruk av utmarka.

Det arbeidet som Norvald og sambygdingane hans her har gjort, er av stor kulturhistorisk verdi og fortener mykje ros!

25. januar 2020
Per Terje Haaland


Norvald, Kåre og Tor Frafjord. - Foto: Marit Frafjord 2006


Erling, Jostein, Birger og Gerhard Frafjord. - Foto: Marit Frafjord 2006


Skrevet: 25.01.20 klokken 18:38


Tilbake
Nyhetsarkiv