Om nettstedet             Bli medlem           Gjestebok                 Kontakt oss

Besøkende #140222
L o g i n
EIT 50-ÅRS FØRJULSMINNE
Andre søndag i advent 1957, den 8. desember, er det stort gjestebod på Håland. Familie, vener og grannar er samla for å feire 85-årsdagen til Peder Thorsen. Han er fødd i 1872 og barnebarnet til Bjødna-Tore. Peder vaks opp på Håland saman med bestefaren sin.

Dette er eit familieselskap der alle generasjonane er med. Borna, ungdomane, dei vaksne og sjølvsagt dei eldre. Mykje god mat er laga til, og så er det brus til dei små og skikkeleg kaffi til resten. Kvinnfolka ordnar på kjøkkenet og serverer, mannfolka drøser og diskuterer. Kommunesamanslåing og vegutløysing for bygda er nok viktigare enn kald krig og Leika. I midtstova - salongen - ligg piperøyken tett oppunder taket.

Eit godt og sterkt minnet om bestefar. Han var framleis åndsfrisk, og mange ville høyra på kva han hadde å fortelja - både dei vaksne og me ungane. Særleg spanande tykte mange det var då han fortalde om hendingar frå gamle dagar .............

I lydbandopptaket nedanfor høyrer vi Peder fortelje mellom anna om kyrkjeferd og bytur i ungdomen, det vil seia 1880-1890 - åra. Intervjuar er svigersonen Peder Garbrielson Frafjord. Det er ganske mykje sus og ulyd i dette lydklippet. Men den som tek seg tid og høyrer godt etter, vil få vite om mange interessante detaljar om bygdelivet for omlag 130 år sidan.


Lydklipp med Peder Thorsen Haaland 8. desember 1957



Med dette tilbakeblikket vil eg ønskja medlemmer av Bjødna-Tores Vener - og alle andre, sjølvsagt ! - ei fredeleg jul, og eit godt nytt år.


Per Terje Haaland


Skrevet: 21.12.07 klokken 21:23


Tilbake
Nyhetsarkiv